
I dag då eg skulle gje elevane mine ny leselekse, tok eg meg sjølv i å bli inspirert til å lage bål. Kreditt til Ole i ABC-en for det! Biletet på s.85 i ABC-en viste Ole som sat på stranda ved havet. Riktignok sat han ikkje riktig veg, eg for min del ville hatt augene mot havet. Likevel, på stranda hadde han mekka seg eit bål, og det stod strandnellik opp av svaberga. Eg fekk jammen meg lyst til å ta meg ein strandtur på pletten. (Og ei god stund etterpå fann eg ut at det går jo an, eg har jo bil!)
Ole ser et bål.
Ole ser et fint bål.
Bålet er fint, sier Ole.
Ole liker fine bål.
Posted in klasserom | Tagged ute | 2 Comments »

MH, B og eg tok oss nok eit songoppdrag i haust på BKS sin årlege basar. Det kan nesten kallast ein tradisjon, - me ventar difor i undring om me får oppdraget nok ein gong når neste basar går av stabelen..!
Det interessante med biletet er gitargrepa. Med nærare augekast kan ein sjå at alle tre har ulike grep, så korleis dette eigentleg høyrdes ut er eg litt nyfiken på…
Posted in kultur | Tagged BKS, gitar, inne, songsystre | 1 Comment »
Dei som kjenner meg har kanskje erfart mitt elendige, ikkje-eksisterande pokerfjes når det gjeld å skjule sanninga om ting og tang. Eg er rett og slett utruleg dårleg til å lyge. Like så greit tenkjer eg det er best å seie det slik det er. Og om eg ikkje seier det med ord, så seier i alle høve kroppsspråket sanninga. Slik sett er eg rimeleg normal. Om ikkje dette var eit dårleg nok utgangspunkt for sjølvaste luredagen, vert det ikkje noko betre av at eg er lettlurt som berre det.
Slike som meg får jo eit kjempeproblem på ein dag som i går. Sjølvaste luredagen, alle lærarars skrekk! Ja, dette vert ein travel dag, høyrde eg borte frå eit hjørne på personalrommet tysdag. Likevel, aprilspøk til dei søte små måtte eg i alle høve prøve meg på - kunne eg klare det utan at maska forsvann?
Eg fortalde difor med tung røyst at eg hadde hatt eit møte med rektor. Ho hadde gjeve meg forbod mot å kjøpe fleire klistremerke til dei fine leksene deira, fordi skulen skulle spare pengar. Det skulle også sparast på pennar, så smilefjes og stjerner vart det frå no av også slutt på. Eg såg utover elevflokken, og det var ikkje anna enn triste fjes å spore. Eg kjempa meg vidare med god backup frå kollega P som “forverra” det heile: Rektor hadde også bestemt at me ikkje kom til å få tid til å ete mat på skulen, fordi det var så mykje dei skulle lære. Me treng tida til norsk og matte! Store vidopne munnar breidde seg som ei båre på ope hav, og samvitet og maska mi heldt på å knekke. For at elevane skulle forstå at me tulla, vart det heile toppa med ein ny regel: Ingen fekk lov til å gå på do på skulen, her måtte ein halde seg til ein kom heim..!
Det var då ei jente braut ut: Nei, dåkkar tullar, ikkje sant? Dåkkar tullar? Jaaaaaa! April! , braut eg ut.
Eg trakk etter pusten. Det er godt det berre er luredag ein gong i året!
Posted in klasserom | Tagged ute | No Comments »

I dag har eg skaffa meg krydder til platesamlinga! Beady Belle har gjeve ut skive nr. fire og eg må seie dei kjem godt ut av det. Så vert det heller ikkje noko nederlag å høyre røysta åt Jamie Cullum! I sporet som heiter “Intermission music” syng Jamie og vokalen frå Beady Belle, Beate Lech i lag - mjukt som fløyel, rytmisk og vakkert utført! Spring og kjøp!
http://www.myspace.com/beadymusic
Posted in kultur | Tagged inne | 1 Comment »
I dag hoppa hjarta mitt litt ekstra; då eg opna denne bloggen ynskte eg å skrive nynorsk - mest fordi det ligg nærast slik eg snakkar, men og fordi nynorsk har fleire nyansar og er rett og slett kjekkare å bruke! Gleda vart difor stor då bloggen min har havna på wordpress si liste over registrerte nynorske bloggar. Og ikkje kunne eg fatte at det var lista over Noreg sine 50 mest populære nynorskbloggar..! Sjå her:
http://www.e-spot.se/norges-50-popularaste-wordpress-bloggar-nynorsk/
Posted in kultur | 1 Comment »
February 25, 2008 by frøkna

Dagens middag. Vart fortært i godt kompani med Gunlaug.
Då året 2008 var eit faktum, gjekk eg inn for å gjere noko drastisk med middagslaginga mi. Eg tok meg ei sonderingsrunde og forsøkte å finne ut nokon lunde korleis det stod til med fiskeinntaket. Ikkje et eg makrell i tomat, ikkje et eg sild i lake. Og ikkje minst, - eg har vore dårleg på fiskemiddagar.
Lærdommen frå o-fag på barneskulen var at om ein ikkje et fisk, jau, då får ein struma. Eg hugsar me såg skulefjernsyn i bomberommet (det gjorde me kvar måndag, for det var tida for skulefjernsyn). Det handla om ein mann med struma. Han hadde fått ein kjempestor klump på halsen, måtte opererast og fekk til slutt robotstemme!
Skrekk og gru. Strumaen får ikkje meg. I 2008 skal eg ete fisk to gonger i veka. Eg ser budsjettet hadde hatt godt av øyremerka midlar til fiskemiddagar, men førebels funkar det utan.
Eg vart så glad i dag; Safari har supertilbod på alle Findusprodukta sine heile veka! Heilt strålande!
Posted in kulinarisk | No Comments »
February 22, 2008 by frøkna
Brita og eg har vore på tur til naboar i sør! Mykje moro for unge kateterslitarar…!

Kulturelle innslag Continue Reading »
Posted in kultur | 2 Comments »
February 14, 2008 by frøkna

I går hadde eg gleda over å vere liksompasient hjå stud.med. Kolskår som øvar til eksamen i øyre, nase- hals undersøkjing eller noko slikt. Turen gjekk til Haukeland og medisinstudentane si base der. Moro! Det var akkurat som å vere hjå tannlegen å få premie: Eg fekk vite at eg var heil frisk i nasen og øyra, og kan gå vidare til neste steg som er augeundersøkjing. Terminologien er eg derimot ikkje heilt inne i. Men eg veit kva eit otoskop er!
Posted in klimaks | 3 Comments »