Feed on
Posts
Comments

Archive for the ‘kultur’ Category

kinolukke

Eg hugsar det så godt, ei jul for ein god del år tilbake. Me sat spikra i juleselskapet for å sjå på ein veldig spanande serie på NRK. Ja, for noko anna kanal visste me ikkje om. Vel, nok om det. Det me så gjerne ville sjå var ein tv-serie om nokre ungar som på [...]

Read Full Post »

(opp)kalla sau

Velkommen til verda, sauen som no heiter det same som meg! Hurra! Eg trudde då aldri at eg skulle få ein sau oppkalla etter meg.  Takk til matmor Lægreid for initiativet til namneforslag, og at forslaget mitt slo gjennom!

Read Full Post »

klem frå ein rev

No har eg opplevd det og; eg fekk meg ein reveklem. Som takk for heftige latterbrøl!  Her er reven:

Read Full Post »

kongruens hjå sangsystre

MH, B og eg tok oss nok eit songoppdrag i haust på BKS sin årlege basar. Det kan nesten kallast ein tradisjon, - me ventar difor i undring om me får oppdraget nok ein gong når neste basar går av stabelen..!
Det interessante med biletet er gitargrepa. Med nærare augekast kan ein sjå at alle tre har ulike [...]

Read Full Post »

krydder til platesamlinga

I dag har eg skaffa meg krydder til platesamlinga! Beady Belle har gjeve ut skive nr. fire og eg må seie dei kjem godt ut av det. Så vert det heller ikkje noko nederlag å høyre røysta åt Jamie Cullum! I sporet som heiter “Intermission music” syng Jamie og vokalen frå Beady Belle, Beate Lech [...]

Read Full Post »

kampanje for nynorsk

I dag hoppa hjarta mitt litt ekstra; då eg opna denne bloggen ynskte eg å skrive nynorsk - mest fordi det ligg nærast slik eg snakkar, men og fordi nynorsk har fleire nyansar og er rett og slett kjekkare å bruke! Gleda vart difor stor då bloggen min har havna på wordpress si liste over [...]

Read Full Post »

københavn - ja takk!

Brita og eg har vore på tur til naboar i sør! Mykje moro for unge kateterslitarar…!

Kulturelle innslag

Read Full Post »

karneval!

Eg fekk meg ein god latter for ei tid tilbake då eg rydda i kottet og kom over papirbileta frå åra i ein sørlandsby. Sørlandet er ikkje noko å kimse av; karnevalsstemning klarte me i alle høve å lage på vårt vis. Me samla inn pengar til eit prosjekt i Brasil, og nokon måtte freiste [...]

Read Full Post »

Kristus Pantokrator

Kristus Pantokrator (allherskar, den oppstadne Kristus som herskar over heile universet) er eit av dei eldste figurative Jesusmotiv i kunsten. Ikonet over er laga av Solrunn Nes, og det heng i eit kapell i Bergen sentrum. Eg var så heldig å få vere med å pusse opp kapellet i fjor sommar, og eg tykkjer det [...]

Read Full Post »

kunstnaren i meg

For ti år sidan freista eg å kopiere “Skrik” av Edvard Munch. Eg gjorde nok ikkje som Munch, - maleriet har ikkje stått ute i regnet (sjølv om forholda verkeleg er tilrettelagde for det!). Oljemalinga har vore lagra nokre år i ei øskje no. Kanskje på tide med ei renessanse?

Read Full Post »

Older Posts »