Ein kveld i september fekk eg ein hyggeleg telefon frå min tvillingbror, med spørsmål om eg hadde lyst til å bli med til New York i desember. Og slik vart det! Ein super tur på alle måtar, og veldig kjekt å reise med dei to brørne mine
:
Reiseklare som berre det! Like før avgong mot Reykjavik med Icelandair.
Skøyteis utanfor Rockefeller center, som nokon og ein kvar kan kjenne at frå diverse filmar.
På veg inn i NBC-studios kor me fekk omvisning av to flinke omvisarar. Me fekk streng beskjed om å leggje frå oss handgranatar, pistolar og andre våpen…før me fekk sjå diverse studio som dei brukar i tv-show og andre sendingar.
På toppen av Rockefeller center. Fantastisk utsikt i endå betre ver
!
H. testar sovepose, med hjelp frå Matt. “Do you really need this?” “Yes.”
Eit lite knippe av utsikta. Herleg stor by!
I Battery park traff me Snipp og Snapp. Det var berre Snapp som lot seg avbilde.
Frihetsgudinna på Staten Island. Ei flott dame som me beskua berre på avstand.
Etter lengre ventetid kom me oss til Ellis Island, kor immigrantane kom iland i åra 1892-1954. Biletet er frå hallen der alle måtte registrere seg.
Her har O. funne bestefar sine slektningar som kom til Ellis Island. Spesielt å sjå namna deira på tavla!
Ground Zero med dei nye tårna, som totalt vert 7. To store og fem “små” tårn er reist der Twintowers stod. NYPD vakta området strengt.
Utanfor St.Patricks cathedral. Majestetisk byggverk!
Som ei dame sa på gata: I say nada to Prada! Men det var spennande å kikke likevel.
Kaffi frå Starbucks
Takk for turen, kjære brør!













