Uansett korleis ein snur og vender seg: Ein må vaske. Eg likar ikkje vaske. Eg er ikkje meint for å gjere det. Men eg må. For å avhjelpe denne avmakta mot vasking: Kva kan eg gjere for at det vert kjekkare å vaske? Ja, eg høyrer på musikk for at takta skal vere i orden. Men er det nok? Ikkje for meg. Eg treng litt fargerike klutar. Det hender eg kjøper meg slike, men det er jo gøy å lage dei sjølv også!
Eg har testa to ulike garntypar her. Dei rosa er laga i Mandarin Petit (Sandnes garn), dei blå og grøne i Lerke (Dale garn). Å strikke klutar med sistnemnde garn var ein generaltabbe sidan eg gløymde å sjekke vaskeanvisninga. Mandaringarnet kan vaskast på 60 grader, og Lerke på 30 grader, sidan blandinga har 52% merinoull i seg. Eg har ikkje vaska nokon av klutane enno sidan dei ikkje er teke i bruk, men ein kan jo lett tenke seg konsekvensen av for høg temp. på ulla ;(. For dei som er interesserte i å vite det, la eg opp 44 maskar, 2 rette 2 vrange, i så kalla ribbestrikk. Ein bør i alle fall ikkje ha klutane mindre enn dette.
På tampen eit glimt av sitjeunderlaget som eg har laga mange av som “Julegåva 20o9 frå meg” men som eg no på enkelt vis har forsøkt å utvikle. Eg vart inspirert av frk. Grandes turkompis her i vår, og gjekk hen og kjøpte fine treknappar i einer. I kombinasjon med svart buksestrikk kan ein leggje det tova sitjeunderlaget saman og putte det rett i sekken. Sitjeunderlaget er laga i garn frå Spar Kjøp, Cortina Soft som er ideelt til toving. Her har eg brukt pinnestørrelse 12mm, rundpinne og aukar ei maske på kvar side. Strikk med dobbelt garn, ein treng til saman 4 nøster. Underlaget vert då ca 40cmX40cm stort. Om ein ynskjer det større, kan ein bruke 6 nøster
.
Ull kan ein aldri ha for lite av.Bilsetet vil ikkje forakte det, og heller ikkje tursekken. Eg burde hatt eit til sykkelsetet. Hmm..;)



Klar for julemesse snart ser det ut til?
Jau då, produksjonen er i gong
. Du då?