Ja, eg tok vel aldri heilt sommarferie frå strikkinga heller, men no som stillongssesongen har starta, er det heilt naturleg å intensivere strikkeprosjekta. Eg har no også testa nettbutikken til Sandnesgarn, noko eg kjem til å gjere tradisjon av, som øybuar eg er. Posten kjem fortare fram enn eg kjem meg til byen i opningstida.
Eg kunne jo ikkje bla forbi min kjære Marius då eg fann oppskrift på vognteppe i Mariusmønster. Heftet heiter “Babytepper og hentesett” som er temahefte 24 til Sandnesgarn. Babygarnet til Sandnes heiter Lanett og er ganske godt å strikke med. Eg må som vanleg gå ned ein pinnestørrelse enn det som står anbefalt sidan eg strikkar litt laust, men så lenge ein veit om dette, er ikkje dette noko problem. Min variant har sjølvsagt blitt litt alternativ, og er meir eit dynetrekk som eg skal sy til ei babydyne til. Stoffet har eg kjøpt på Åhlens. Eg var litt raus med stoffet, derav dynevarianten framfor teppevarianten. Kven som skal varmast av dyna er førebels uvisst, men det sprett ut ungar både her og der for tida, så det vert ikkje vanskeleg å finne ein eigar:
Noko småplukk vart det også då eg skulle teste ei oppskrift på Selbuvottar til ungar. Det vart ikkje heilt som bestilt (for lange og trange..), så prøvevotten kan nok ikkje tene til anna enn å vere vott for mobilen. Mønsteret er henta frå eit av julehefta til Sandnesgarn, og garnet har eg henta frå Dale. Ikkje ofte eg brukar anna enn Sandnesgarn, men greit nok! Eg nytta garnet Falk:
Det neste er kjøkkenklutar, strikka i Mandarin Petit. Det kjem bilete snart
!


Kjekt å se at du blogger igjen – og strikker fortsatt.
Her er et strikketips: Dokker fra Arne&Carlos:
http://www.cappelendamm.no/main/katalog.aspx?f=10938&artid=8390
Einar: Ja – og eg ventar på blogginnlegg på dåkas
takk for tips! eg testa jo julekulene i fjor, og det kan fort hende at det vert ny Arne&Carlos-bok
Ps. Lurer forresten på om O. kler raudt??
hihi…
Ja det var det da… Hadde vært artig å komme i gang igjen, men så var det å finne den rette balansegangen mellom privat og personlig, bilder av personer og ikke, osv.
Tror du må høre med M.H. om hva O. kler best, jeg er ikke så flink til å se for meg slikt, hehe.
DÅN! Du e berre så råflink!
Takk Kris
Du e då snill som seier det!
Hei! Jeg har googlet litt og ser at du har strikket dette teppet. Det ble jo kjempefint!
Jeg har akkurat begynt, men står helt fast (allerede..) Kanskje du kan hjelpe?
Jeg har altså strikket 8 pinner perlestrikk. jeg skal nå sette de 6 første og de 6 siste maskene på en hjelpepinne til kanter. Deretter skal jeg legge opp 5 nye masker som skal være klippemasker (men hvordan kan jeg gjøre det når garnet er over på hjelpepinnen?
Jeg er supertakknemlig for svar!
Hei Miriam! Tenk at eg kan få hjelpe ei strikkeguri i nød…! Eg forstår problematikken. Det du gjer er at du tek to sikkerhetsnålar i kvar ende av teppet, altså der det står at du skal bruke hjelpepinner. Det er litt teit skrive i oppskrifta. Når du har satt dei på, må du klippe tråden. Så tek du til med å legge opp fem nye masker, altså dei såkalla klippemaskene, i kvar ende av teppet. Du kan med fordel lage seks masker i kvar ende og, fordi du faktisk skal klippe i dette stykket når du har strikka teppet heilt opp. Om du ikkje kjem vidare, må du berre spørre igjen. Elles vil eg anbefale videoane som ligg på http://www.garnstudio.com/lang/no/video.php?sort=&thumbnails=&categoryid=1. Nederst finn du ein video som heiter “Legg opp: Nye masker i siden på et arbeid”. Elles vil eg anbefale deg å ta med deg strikketøyet og mønsteret ditt til garnbutikken. Eg har gjort det når eg har stått fast, og kan hjelpe deg vidare. LUKKE TIL
(hadde vore kjekt å høyre korleis det går vidare då!!)
Tusen takk for svar! Har nå lagt opp totalt 12 masker – regner med at det er nå jeg skal begynne å strikke rundt? Dette blir spennende!
Gir deg en oppdatering etterhvert
Tusen takk for svar!
Ja, no skal du strikke rundt. Ser eg skreiv at du skulle bruke to sikkerhetsnålar i kvar side; eg meinte naturlegvis ein i kvar side, med seks klippemasker i kvar nål. Igjen lukke til
Takk takk! Er kommet godt i gang, rundt og rundt. Så nå kan jeg slappe av litt før mønster og klipping senere. Lurer fælt på hvordan jeg skal gjøre det med kantmaskene som er på sikkerhetsnålene – jaja, den tid den sorg
Fortsatt god helg!
Du treng ikkje tenke på desse kantmaskene før du har strikka heilt opp og mønsteret er ferdig. Eg kan bistå deg vidare når så langt kjem