Denne middagen er dedikert til fru Ingvaldsen, fiskelærar nr 1!
I morgon har eg budd på Møkster i to veker, og det har vore innhaldsrike, gode dagar. Eg har allereie erfart kvifor ein må passe rutetidene for hurtigbåten, kanskje særleg når det er siste båten for dagen, og ein rett og slett ikkje kjem seg heim. Så ja, eg har lært å berekne ferje i god tid.
I går var det mykje folk her, då det vart markert at dei to nye tomtene på øya er planert ut. Statsråd Navarsete og ordføraren og mange lokale heltar og heltinner markerte med høgtid; taler, planting av tre og framfor alt kake og kaffi i skulehuset. Eg er imponert over kva Møkster bu har fått til dei siste to åra, og no haustar ein fruktar ved at 7 nye innbyggjarar er eit faktum. Og at elevtalet aukar 60% er retterleg endå tøffare
!
I føremiddag før regnet kom tok eg stanga fatt og gjekk ned til fiskeplassen som har gjeve fisk på kroken kvar gong eg har forsøkt. Etter råd frå lokale heltar og heltinner (les: Karmøy) veit eg no kor eg skal få tak i billige slukar (ja, for eg har mista nokre…) og kor det er fisk å få. I dag fekk eg ein stor lyr på kroken; ca 700gram – og JA, eg vart veldig veldig mett!
På vestsida er det ope hav. Herleg å sjå på! Hjarteleg velkomne på besøk!


Hihi.. Eg er ei heltinne!! *kry* Grattis med store fisken!!
Gleder meg til neste fisketur med deg. -Dog eg veit ikkje kati eg skal heim neste gong enda..
Bra du kom deg heim att i går, så du fekk med deg den o store hendinga på Møkster, i tillegg til torgdagen. Synn eg ikkje kunne være med eg og, men…
Ellers så er du hjarteleg velkommen sørijøne te oss og!
Dette ser så herlig ut Maria! Eg glede meg te å komma på besøk!
Hei, Maria! Så gøy å lese bloggen din. Du skriv drivande godt!
Neste er vel kjøkkenhage og sjølvdyrka gulrøter! Var i nabolaget ditt i helga (Leirvik) og tenkte på deg. Skal gi lyd neste gong.. denne gongen var 90-årsdag prioritet nr 1.
Siv: Eg kjem garantert på besøk, og ja, eg gler meg og til neste fisketur! Då me vel nesten avansere, men du må nesten vurdere det, du veit, tilpassa opplæring…
Ta med deg karen og kom på besøk!
Ta med deg karen du og, og kom
! Ps. Her er springeplass i bøtter og spann!
Kris: Ja! Ja! Gler meg stort til dåke kjem, og til Bergenshelg snart!
IdaJo: Takk! Ikkje gale skussmål frå ein norsklærar
Maria: Kjøkkenhage ja, det kan godt vere! Eg har i alle fall nok hage å boltre meg i
Ser at du mestrer håndarbeid. Håper du vil bli med på julemesse i gymsalen på Møkster lørdag 19. november!
Takk for det! Julemesse er kjekt, så det vil eg gjerne vere med på. Det er jo visst ikkje så lenge til heller…!
Så bra! Kanskje vi kan ha litt juleverkstedet par kvelder i forkant også?
Klart me kan