I desse dagar avsluttar eg arbeidet mitt ved skulen som har vore min arbeidsplass i seks år – for denne gong. Det vert rart når eg om litt over ei vekes tid går ut døra og har levert frå meg nøklar og ikkje minst elevar som eg har vorte glad i gjennom mange år. Tida får vise kva som ventar. Eg veit ikkje enno kva det er, men vonar det opnar seg ei dør snart.
I førre veke fekk eg vere med på kunstutstilling kor elevane mine har laga eit av bidraga til. Eg synast at “Kyrkja mi”- tittelen på prosjektet gav meining i høve til kva elevane klarte å produsere i samarbeid. Kreativt nok har orgelet blitt flytta utandørs; kanskje lika greitt når det vart for stort til at det passa inni kyrkja.
