
Hadde eg hatt same forhold til jula som Ica og Rema1000, hadde denne fyrste dagen i oktober vore ein grei dag å poste eit bilete av ei julenisse. Eg seier dette fordi eg tidleg i veka, medan det endå var september, registrerte at kakemennene ligg klare i butikkhyllene. Heilt tragisk spør du meg. Eg har jo enno ikkje avvikla den årlege veka med avspasering, og så kjem handelstanden og seier at det er på tide å kjøpe seg julekaker?
Når det er sagt, så har eg starta produksjonen av julegåver. Juhu! Symaskina lenge leve!