
Eg har då visst sidan eg kjøpte bilen min at det var ein Edition-utgåve. Ein del ekstrautstyr på bilen, altså. Men at dei utvendige speila kan nyttast for kyr som er bevisste for korleis look’en er, fekk eg ikkje snusen i før eg såg det sjølv. På Tungestølen i Luster var det bryllaup i helga, og kyrne lot seg rive med. Eit nydeleg brudepar, og slåande vill, vakker natur som kulissar, var altså nok til at Dagros og veninnene hennar vart hengande rundt stølen, OG bilen min.

Tungestølen

Brudeparet og eg i tullepositur, dagen derpå.

Og for ikkje å gløyme min hoppande Ivar!
Kyr altså, de er så komiske. Ikke rart Gary Larson brukte dem så mye i sin Gale Verden.
Fine bilder også. Men Ivar i motlys… vel, satser på at vi får sett ham skikkelig om ikke så lenge. Behøver ikke være i solnedgang, altså.
E: Takk for helsing. Vonar handa di har det betre forresten! Dåke skal få bli kjent med hoppemannen, tek Oslo imot besøk skal ein ikkje vere vrang på det!