
Ein sommar for nokre år sidan vurderte eg sterkt å setje inn annonse i Bondebladet om at eg kunne passe sau. Det vart ikkje slik då, og det er jo slikt ein kan angre på at ein ikkje gjorde. Då eg fekk høve til å sjå etter sau på Fivlingen ilag med , og at ein samstundes kunne bu på setra til Lægreid og co, var eg ikkje vanskeleg å be. Tilhøyrande tur, saltmat og søtmat (ja, masse fenalår) og gode vibbar frå den store gule stjerna gjer godt.
I bakgrunnen kan ein skimte Hardangerjøkulen. Fin den altså!

Vertinna, speidande mot målet, Øktanuten ca 1290 moh.

Plutseleg kom dei springande. I full fart. Det sorte fåret leiar ann denne pulja.

For nokre augevippar. Fin spelsau. Skikkeleg sosial og gira på klapp og kos.
D såg skikkeligt kjekt ud på tur. Du vet eg e veeeeldig glad i sauer. Kem e du på tur med? Kosa deg masse, så snakkes me når me ska reisa i bryllup.
Kristin: Vertinne og turveninne her er Ranveig
Gler meg til tur med deg og!