
For eit par veker sidan tok eg turen til Jæren, og fekk gleda av å besøke Anna, Brita og Kristin.Attpåtil fekk eg eit fint gjensyn med Ainura frå Kirgisistan. Det vart fine dagar, med kulinariske og kulturelle innslag. Akkurat slik eg likar det. Og odøren som strøymar mot ein og riv ein i nasa når ein kjem ut døra, er ikkje til å ta feil av. 
Anna og eg på ei fin strand. Me freista ikkje badetemperaturen denne gongen…

Hå gamle prestegård fekk besøk også. Der hadde dei veldig gode sveler. Og utstillinga i løa var ganske artig. Der traff me på desse:

Heilskinna kom me oss derifrå, og fauk vidare til Obrestad fyr. Der tok vinden godt.

Grønt og fint. Litt flatt, ein aldri så liten kontrast til Sunnmøre.