Det er fyrste sommar sidan eg var 15 år at eg faktisk tek fri. Sommaren 2009 er fri for sommarjobbing. Eg er altså i ferd med å oppleve den mykje omtala lærarferien for fyrste gong. Så langt kjennast det veldig bra, og kan like at det fortset slik som dette. Eg seier:
- TID!
- ta ein dag av gangen.
- vakne når kroppen vaknar av seg sjølv (og fuglesongen)
- høyre sommaropera
- familie
- bade (Sotra er best)
- Reiseradioen
- nyte debutplata til Robert Smith-Hald, sjå her: http://www.myspace.com/robertsmithhald
- sandalskille
- få sommarsveis
- bryllaup i Trøndelag
- Ligretto
- fregnar på skuldrene
… og det beste er at det er 6 veker att av denne herlegdomen!