
Nokre av lambisauene til Ranveig i Eidfjord. Då eg såg dei, fekk eg bekrefta (igjen) at eg har ein fascinasjonen min for sau (sjå blant anna her). Men er det så rart då?
Første helga i mai slapp dei små dultane ut av fjøset for fyrste gong, og tok sine fyrste skritt på gras. Det vart eit syn for auga som ein ikkje kan sjå seg mett på!