
Sjølv om regnet ikkje er min beste ven, hjelper det jo ikkje å sette seg ned for å vente på godver. Eg hadde tidleg i veka bestemt meg for å ta turen til Hålandsdalen, for eg hadde høyrt rykte om at det skulle vere krinsmeisterskap i skiskyting på Bygdastølen skisenter denne helga.
Då eg sjekka vermeldinga vart eg ikkje så veldig nøgd akkurat, men veret kan ein ikkje gjere så mykje med. Og tante og Engel ville gjerne ha besøk. Ole og Kristin vart også med.

Punkt 1 var å sjå skiskytarar i aksjon. Det var artig å sjå det nye anlegget oppe i fjellet som eg i stor grad har berre opplevd med ein rullestol foran meg. No ligg det ein skistadion der med internasjonal standardar, i ei bygd med høg prosentandel av kjendisar. Diverre traff eg ikkje Rafael, men kanskje ein annan gong?

Punkt 2 var å seie hei til sauene. Liva deira gjekk sin gong der på marka, så dei hadde ikkje mykje nytt å fortelje om. Eg gav dei mat, og sa til dei at me snakkast snart igjen. (Biletet er naturlegvis ikkje teke denne helga, men eit arkivfoto frå i sommar.)

Punkt 3 var mat. Heile gjengen var i sving med pizzabaking med tilhøyrande attåt. Det vart veldig godt! Definitivt ein fulltreffar, noko også fastelavnsbollane vart.

Ah, kjekt med eit gjensyn
(likte det du skreiv om kun å sjå Hålandsdalen bak ein rullestol!)
Arild: Ja, det er veldig godt når stader ein er glad i utvidar sitt bruksområde..! Ps. Det er nytt skirenn 28.mars