
Eg utvider grenser for tida. Elevane får no kvesse blyantane sine sjølv. Det er veldig stas! Her ein dag vart det eit boom av spørsmål om ny blyant. Eg forstår kvifor. Blyantane har hatt si tid, gjort sitt. Det vart litt morosamt når eg såg korleis blyantane såg ut etter ganske nøyaktig 5 månader i bruk. Sjølv om det ikkje renn over av ressursar i skulen, fekk dei trengande nye blyantar. Eg ser jo at det er visse trekk ved blyantbruken som har forbetringspotensiale. Smakar dei godt, tru?
Å – eg hugsar så godt smaken av blyant! Me hadde gule, og når eg satte tennene i så knasa det så herleg, og så kom det ein sånn rar smak av …ja, blyant! Ubeskriveleg i grunn. Fann forresten fort ut at blyet ikkje var nok særleg:)
Sjåast i morgon du!