klima og vêr i ein 12 årings hjerne
April 12, 2008 by frøkna
I mitt vesle krypinn dukkar det stundom opp ting frå mi tid som elev. Det er ikkje alltid at eg vert like imponert over det eg har produsert gjennom åra, men det byr seg likevel litt latter og humring. I dag publiserer eg difor ein skulestil frå 6.klasse. Kva oppgåva var hugsar eg naturlegvis ikkje, men ein kan i alle fall tru at eg var oppteken av regn allereie då. Det spørs om avslutninga mi var vel optimistisk…
Uvêret
No i det siste har det vore eit frykteleg uvêr. Værmeldingen er den same kvar dag. Fleire veiovergangar har vorte stengde på grunn av uvêret. Fergane har også hatt problem. Fleire ferjer har ikkje gått fordi at det har vore så voldsom sjø og høgt vatn. Og så har det vore stormflo langs heile kysten. I går såg eg på fjernsynet at i Bergen kunne dei bruka gummibåt på bryggja. Rekorden var to meter og trettini centimeter. Ungane synast det berre var gøy. Dei leikte sjørøvarar. I butikkane vassa kundane. Fælt, eller kva synes du? For å ikkje snakka om alle dei båtane som er blitt øydelagde på ein eller annan måte. Som f.eks. ”Braer”, ein av verdas største miljøkatastrofar. Olja flaut ut. Dette foregikk på Shetland. Det er jo så veldig mykje fin natur der! Shetland er ikkje så langt frå oss som mange trur. Det er berre 30 mil. Og det er ca herifrå og til Ålesund. Det er berre nokre dagar sidan det blei kringkasta over heile verda at ”Braer” knakk i fire store bitar. Vinden gjorde det berre verre då det skjedde. Også det der skipet som gjekk på grunn utafor Mandal, slapp jo ut fullt av sprengstoff. Det ligg no og flyt i vannkanten like ved der kor det gjekk på grunn. Tenk, viss nokon kom borti det å ikkje visste kva det var? Ja, kva som kunne hendt då, det må fuglane vita!!! Heldigvis bur ikkje vi der! Vi har brennsikkert ikkje hatt det verste vêret, akkurat, men vi har no merka det! Forresten, eg gløymde å seie noko der med den der stormfloen: På kaia på Solsvik, kunne dei og bruke gummibåtar. Den morgonen, skulle vi gå til bussen. Merkeleg nok var det heilt vanleg då vi kom dit ned. Det var berre på grunn av at stormfloen kom ei viss tid på døgnet. Heldigvis bur vi så høgt oppe at det ikkje går ann å treffa her oppe. I alle stormane har ingenting blitt øydelagd her, så vidt eg veit. På ”Dagsrevyen” fortalde dei at folk oppe i Nord-Noreg hadde bunde bosspanna fast sånn at det ikkje skulle blåsa vekk. Det var ganske lurt. Kvar gong det vert meldt nordavind, kjem eg inn på tanken med lyn og torden. Lyn og torden kan jo forårsake mange ting som t.d. elektriske apparat kan bli øydelagde og det kan bli brann. Ein dag då vi gjekk til bussen begynte det plutseleg å lyna, og eg skreik/hylte til. Men eg berre lo etterpå fordi det varte jo under eitt sekund. Braket kom ikkje fordi at det var så langt vekke. Lyn og torden er jo eigentleg ikkje farleg. I januar er det jo alltid sånt vêr, så vi får berre ta følgjene. Det er ikkje vi menneske si skuld, det er naturkreftene. Så får vi håpe at det ikkje kjem fleire kraftige lavtrykk!!
Ah, eg kjenner eg saknar å skrive skulestil! Av typen: “Verda i 2089″, “Ein svamp/ kniv/ tavle/ ost/ sko fortel”, eller kriminal/fantasi/humor- forteljingar med dramatisk utgongspunkt og uviss lagnad. Det var tider
Kvifor slutta vi med slikt?
Eg er så einig! Det var denne naiviteten..
Mohahaha!!!
Ps. Skal me gje kvarandre stiloppgåver?!