korleis aprilspøkene mine funka

By frøkna

Dei som kjenner meg har kanskje erfart mitt elendige, ikkje-eksisterande pokerfjes når det gjeld å skjule sanninga om ting og tang. Eg er rett og slett utruleg dårleg til å lyge. Like så greit tenkjer eg det er best å seie det slik det er. Og om eg ikkje seier det med ord, så seier i alle høve kroppsspråket sanninga. Slik sett er eg rimeleg normal. Om ikkje dette var eit dårleg nok utgangspunkt for sjølvaste luredagen, vert det ikkje noko betre av at eg er lettlurt som berre det.

Slike som meg får jo eit kjempeproblem på ein dag som i går. Sjølvaste luredagen, alle lærarars skrekk! Ja, dette vert ein travel dag, høyrde eg borte frå eit hjørne på personalrommet tysdag. Likevel, aprilspøk til dei søte små måtte eg i alle høve prøve meg på – kunne eg klare det utan at maska forsvann?

Eg fortalde difor med tung røyst at eg hadde hatt eit møte med rektor. Ho hadde gjeve meg forbod mot å kjøpe fleire klistremerke til dei fine leksene deira, fordi skulen skulle spare pengar. Det skulle også sparast på pennar, så smilefjes og stjerner vart det frå no av også slutt på. Eg såg utover elevflokken, og det var ikkje anna enn triste fjes å spore. Eg kjempa meg vidare med god backup frå kollega P som “forverra” det heile: Rektor hadde også bestemt at me ikkje kom til å få tid til å ete mat på skulen, fordi det var så mykje dei skulle lære. Me treng tida til norsk og matte! Store vidopne munnar breidde seg som ei båre på ope hav, og samvitet og maska mi heldt på å knekke. For at elevane skulle forstå at me tulla, vart det heile toppa med ein ny regel: Ingen fekk lov til å gå på do på skulen, her måtte ein halde seg til ein kom heim..!

Det var då ei jente braut ut: Nei, dåkkar tullar, ikkje sant? Dåkkar tullar? Jaaaaaa! April! , braut eg ut. 

Eg trakk etter pusten. Det er godt det berre er luredag ein gong i året!

Merkelappar:

Legg att eit svar