I mi tid på ein studentheim i sentrum budde eg ilag med fantastiske folk, og mengda av morosame stundar er stor! Ein periode gjorde også ein liten krabat seg godt bemerka, der han omtrent alltid sat i fruktfatet eller der det var anna godt å ete…
Arkiv for april, 2008
krabat
Posted in kompisar on april 26, 2008 | Legg att ein kommentar »
(opp)kalla sau
Posted in kultur on april 21, 2008 | 2 kommentarar »
Velkommen til verda, sauen som no heiter det same som meg! Hurra! Eg trudde då aldri at eg skulle få ein sau oppkalla etter meg. Takk til matmor Lægreid for initiativet til namneforslag, og at forslaget mitt slo gjennom!
konsekvens av finvêr i Bergen
Posted in kveldssong on april 21, 2008 | 2 kommentarar »
Folk som bur i Bergen er vel gjerne ikkje bortskjemde med eit høgt antall soldagar, snarare tvert imot. Dei ti siste dagane derimot, har yppa til vår og ein vert nesten lurt til å tru at sommaren er like om hjørnet. Bergensarar og folk som bur her har hoppa ut av regndvalen, og eg er [...]
klem frå ein rev
Posted in kultur on april 16, 2008 | 1 kommentar »
No har eg opplevd det og; eg fekk meg ein reveklem. Som takk for heftige latterbrøl! Her er reven:
klima og vêr i ein 12 årings hjerne
Posted in klasserom, merka klasserom on april 12, 2008 | 2 kommentarar »
I mitt vesle krypinn dukkar det stundom opp ting frå mi tid som elev. Det er ikkje alltid at eg vert like imponert over det eg har produsert gjennom åra, men det byr seg likevel litt latter og humring. I dag publiserer eg difor ein skulestil frå 6.klasse. Kva oppgåva var hugsar eg naturlegvis ikkje, [...]
kreditt til ABC-Ole
Posted in klasserom, merka ute on april 7, 2008 | 2 kommentarar »
I dag då eg skulle gje elevane mine ny leselekse, tok eg meg sjølv i å bli inspirert til å lage bål. Kreditt til Ole i ABC-en for det! Biletet på s.85 i ABC-en viste Ole som sat på stranda ved havet. Riktignok sat han ikkje riktig veg, eg for min del ville hatt augene mot [...]
kongruens hjå sangsystre
Posted in kultur, merka BKS, gitar, inne, songsystre on april 5, 2008 | 1 kommentar »
MH, B og eg tok oss nok eit songoppdrag i haust på BKS sin årlege basar. Det kan nesten kallast ein tradisjon, – me ventar difor i undring om me får oppdraget nok ein gong når neste basar går av stabelen..!
Det interessante med biletet er gitargrepa. Med nærare augekast kan ein sjå at alle tre har ulike [...]
korleis aprilspøkene mine funka
Posted in klasserom, merka ute on april 2, 2008 | Legg att ein kommentar »
Dei som kjenner meg har kanskje erfart mitt elendige, ikkje-eksisterande pokerfjes når det gjeld å skjule sanninga om ting og tang. Eg er rett og slett utruleg dårleg til å lyge. Like så greit tenkjer eg det er best å seie det slik det er. Og om eg ikkje seier det med ord, så seier [...]