I dag hoppa hjarta mitt litt ekstra; då eg opna denne bloggen ynskte eg å skrive nynorsk – mest fordi det ligg nærast slik eg snakkar, men og fordi nynorsk har fleire nyansar og er rett og slett kjekkare å bruke! Gleda vart difor stor då bloggen min har havna på wordpress si liste over registrerte nynorske bloggar. Og ikkje kunne eg fatte at det var lista over Noreg sine 50 mest populære nynorskbloggar..! Sjå her:
http://www.e-spot.se/norges-50-popularaste-wordpress-bloggar-nynorsk/
Hurra for deg! Gratulerer med 17. plass. Eg trur årsaka til at bloggen er så populær er at han er original, vakker og lun. Du er flink, tykkjer eg.