Dagens middag. Vart fortært i godt kompani med Gunlaug.
Då året 2008 var eit faktum, gjekk eg inn for å gjere noko drastisk med middagslaginga mi. Eg tok meg ei sonderingsrunde og forsøkte å finne ut nokon lunde korleis det stod til med fiskeinntaket. Ikkje et eg makrell i tomat, ikkje et eg sild i [...]
Arkiv for februar, 2008
kosttilskot
Posted in kulinarisk on februar 25, 2008 | Legg att ein kommentar »
københavn – ja takk!
Posted in kultur on februar 22, 2008 | 2 kommentarar »
Brita og eg har vore på tur til naboar i sør! Mykje moro for unge kateterslitarar…!
Kulturelle innslag
klinisk undersøking hjå stud.med. Kolskår
Posted in klimaks on februar 14, 2008 | 3 kommentarar »
I går hadde eg gleda over å vere liksompasient hjå stud.med. Kolskår som øvar til eksamen i øyre, nase- hals undersøkjing eller noko slikt. Turen gjekk til Haukeland og medisinstudentane si base der. Moro! Det var akkurat som å vere hjå tannlegen å få premie: Eg fekk vite at eg var heil frisk i nasen [...]
kriblingar
Posted in klimaks on februar 9, 2008 | Legg att ein kommentar »
Eg likar å tenkje at det snart er sommar. Det er mogleg at det er å overdrive stort, men det går i alle høve mot lysare tider. Sommar for meg er blant anna Hålandsdalen. Eg gler meg som ein unge.
Lyrikaren Herbjørn Lavik seier om Hålandsdalen:
Det er den mest trollske dalen jeg vet om. Det er [...]
karneval!
Posted in kultur on februar 4, 2008 | Legg att ein kommentar »
Eg fekk meg ein god latter for ei tid tilbake då eg rydda i kottet og kom over papirbileta frå åra i ein sørlandsby. Sørlandet er ikkje noko å kimse av; karnevalsstemning klarte me i alle høve å lage på vårt vis. Me samla inn pengar til eit prosjekt i Brasil, og nokon måtte freiste [...]
kjempeidyll, så lenge det varer
Posted in kveldssong on februar 2, 2008 | Legg att ein kommentar »
Eg var på veg heim frå Elisabeth og brått syntes eg Kong Oscarsgate hadde fått ein ekstra sjarme. Det er kome snø på vitjing til Bergen, men eg har høyrt at han skal bort att i morgon. Eg tok vegen mot Bystasjonen og sukka litt over manglande brøytemannsreaksjonar. Rutinene er vel kanskje ikkje heilt på plass. Men [...]
knask til fastelavn
Posted in kulinarisk, kvardagslukke on februar 1, 2008 | Legg att ein kommentar »
På sundag er det allereie fastelavn – eller fleskesundag som nokon kallar det. Eg for min del har tenkt å markere det – i alle høve ved å bake bollar. Det er vel lite som kan målast med varme kveitebollar med mykje krem?!
Fastelavnsbollar lagar du med desse måla (ca 20 stk) :
100 g smør
5 dl [...]