kulturmøte i Tide

By frøkna

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/324031

Eg veit ikkje kor mange som har fått det med seg, men det er altså litt krise på sjåførfronten i Tide (og andre busselskap). Dei har rett og slett ikkje nok folk til å sitje ved rattet. Difor hender det rett som det er at ein del bussar vert kutta ut. Dei kjem berre ikkje.

Som løysing på dette problemet (ja, eg har sjølv tatt taxi på Tide si rekning nokre gonger for å komme meg til jobb), har busselskapet innhenta arbeidskraft frå Polen.  Denne veka har eg fått ny bussjåfør. Han har hatt med seg tolk og ein Tidemann som skal backe han i tida framover. Eg trur det kjem til å gå bra. Veit ikkje når eksamen er, men standardstrofene er pugga: ”Herr ovrrgan til reisnda til…” Herleg altså :)

“Sjåførmangelen har gjort at Tide tidvis har måttet leie drosjer for å frakte passasjerer fordi det ikke har vært bussjåfører til å kjøre enkelte bussruter på Askøy og Sotra. Hvor store ekstrakostnader dette har medført, har Enæs foreløpig ikke oversikt over, sier han til BT.” (BT  8.sept.07)

Nei, det er nok ikkje sikkert at Enæs vil sjå taxirekninga.

Merkelappar:

Legg att eit svar