Det skal vere sagt at det ikkje er naturleg for meg å seie “kaupe”; eg seier nok heller kjøpe. (Men Nordstoga seier kaupe i den songen kor han syng om det han kaupte i Bergen då han budde der.)
Når det er sagt, er eg nærare bilkjøp enn nokon gong. Eg prøvekøyrde ein Polo 2003-modell i går, og det var kjekt. Me får sjå kva som skjer!
Ei norsk nettside kallar Polobilane for “tyskarar med damedrag” fordi det er mest av alt er kvinner som vel Polo. Eg vert gjerne ein del av statistikken.

Eg er gjerne med på biltur!