MH er kakaofotograf!
Det er mange som drikk kakao for tida. Mange av dei nyttar verdsveven til å finne ut korleis ein lagar slikt. Eg har tidlegare gjeve oppskrift på gourmetkakao. For dei som ynskjer å bruke litt mindre tid og pengar på å lage seg nokre brune varme slurkar, er det berre å lese vidare.
Til [...]
Arkiv for januar, 2008
kakao – for andre gong
Posted in kulinarisk on januar 28, 2008 | Legg att ein kommentar »
knips frå familieråd
Posted in Ikkje kategorisert, merka ute on januar 26, 2008 | Legg att ein kommentar »
kaldt og vått men no så rått!
Posted in kvardagslukke on januar 23, 2008 | 1 kommentar »
Eg veit ikkje om nokon har registrert det, men det har vore ufyseleg ver dei siste dagane. (Eg såg ikkje noko breiflabb i dag heller forresten.) I dag tidleg då eg stod for n’te gong og venta på bussen og dei kalde kasta av vind med store dosar væte traff meg som paintballskot ( har [...]
kaupt bil – ein lekker ein!
Posted in klimaks on januar 19, 2008 | 3 kommentarar »
Eg har kjøpt meg bil! Eg er så glad! Nokon som har lyst på ein biltur?
Kristus Pantokrator
Posted in kultur on januar 17, 2008 | Legg att ein kommentar »
Kristus Pantokrator (allherskar, den oppstadne Kristus som herskar over heile universet) er eit av dei eldste figurative Jesusmotiv i kunsten. Ikonet over er laga av Solrunn Nes, og det heng i eit kapell i Bergen sentrum. Eg var så heldig å få vere med å pusse opp kapellet i fjor sommar, og eg tykkjer det [...]
kunstnaren i meg
Posted in kultur on januar 16, 2008 | 2 kommentarar »
For ti år sidan freista eg å kopiere “Skrik” av Edvard Munch. Eg gjorde nok ikkje som Munch, – maleriet har ikkje stått ute i regnet (sjølv om forholda verkeleg er tilrettelagde for det!). Oljemalinga har vore lagra nokre år i ei øskje no. Kanskje på tide med ei renessanse?
knips på veg til jobb
Posted in klimaks on januar 13, 2008 | Legg att ein kommentar »
Ein dag på veg til jobb i november knipsa eg blant anna dette biletet. Det var ein kald, klar og vakker morgon, og som vanleg såg eg eit fly sigle inn mot Flesland. For ein kunstnar Skaparen er!
kake frå Suldal
Posted in kulinarisk, kultur on januar 12, 2008 | 1 kommentar »
Det byrja med eit forkle og ei kjevle. Så kom deigen. Den vart delt i 12 emne og kjevla ut med stigande resultat for kvar gong. Kristine var lærar og me tre andre var ivrige elevar. Om me har vorte bakstedeier ( = ho eller han (haha) som står for baksen) veit eg ikkje, men [...]
kulturmøte i Tide
Posted in kultur, merka ute on januar 8, 2008 | Legg att ein kommentar »
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/324031
Eg veit ikkje kor mange som har fått det med seg, men det er altså litt krise på sjåførfronten i Tide (og andre busselskap). Dei har rett og slett ikkje nok folk til å sitje ved rattet. Difor hender det rett som det er at ein del bussar vert kutta ut. Dei kjem berre ikkje.
Som [...]
kaupe bil
Posted in klimaks on januar 6, 2008 | 1 kommentar »
Det skal vere sagt at det ikkje er naturleg for meg å seie “kaupe”; eg seier nok heller kjøpe. (Men Nordstoga seier kaupe i den songen kor han syng om det han kaupte i Bergen då han budde der.)
Når det er sagt, er eg nærare bilkjøp enn nokon gong. Eg prøvekøyrde ein Polo 2003-modell i går, [...]