Kvar dag nyttar eg tida til mangt og mykje. Nyttig og unyttig. Eg veit så inderleg vel kva det mest unyttige er. Det kan samlast under stikkordet BUSS. Kvar dag handlar det om å
- gå (eller springe) til busstoppet
- vente på bussen
- sitje på bussen
- gå av bussen og finne neste busstopp for vidare busskøyring
- vente på bussen
- sitje på bussen
- bytte buss
- gå over på byttebussen
- sitje på bussen
- gå av bussen
Og når eg skal heim att frå jobb er det same prosedyre om att, berre i anna rekkefølgje. Og då tek det heile endå lengre tid. 2,5 timar kvar dag vert 12,5 i veka. Kvar månad er eg oppe i 50 timar. Ai ai.
Klimadebatten har tatt litt av i det siste, og ein snakkar om kva den einskilde gjer for å redusere utsleppa. Kjenner vel på generelt godt samvit akkurat der.
Nei vent! Eg ynskjer meg bil! Kjære julenisse, vær så snill!
