Denne mannen kved på sitt vis.
Er det noko eg likar å fylle tida mi med, er det synge. Må seie at kvaliteten på kvardagen vert redusert nokre hakk utan. Eg har forresten nett byrja folkesongtrening etter Monika Kolskårtradisjonen! For folkesongen kan nok ikkje lærast gjennom ei pensumbok. Eg må høyre på Kolskår når ho syng, og så øve sjølv. Men førebels må eg nok klare meg med å syngje “klokka tikker tiden går” før eg slepp elevane ut døra… røysta kjem seg nok etter kvart.
Merkelappar: ute

januar 17, 2009 ved 9:29 pm |
er det foreskjellige stiler/tradisjoner innen kved?
januar 18, 2009 ved 1:45 pm |
Aleksander: Det er ulike tradisjonar innan vokal folkemusikk; til dømes er det forskjellar på korleis songen tradisjonelt har vorte utført. Einskildpersonar har i mange tilfelle hatt stor innverknad både for utforminga av musikken og vidareføringa av han. Det er dessutan geografiske forskjellar på korleis musikken vert utført. Det eg skriv om Kolskaartradisjonen er mitt omgrep om korleis M. Kolskaar syng, som har gått i lære hos fleire forskjellige kvedarar. Det unike med folkemusikken er at han er halden i live med munnleg overlevering, slik vert det også skapa nye variantar og utføringsmåtar. Ikkje lett å gje eit kort svar på dette…!