kulde, kø og komle

By frøkna

logodevold.gif logo.gif komle.jpg

Om eg skal oppsummere dagen i dag, må det vere med desse tre orda. Eg skreiv forrige dagen at eg lengta etter sola. Eg har sett ho nokre gonger sidan det; og med seg tok ho minusgrader og rim i bakken. Slikt krev stillongs for folk med låg kuldeterskel, men kjekkare enn regn er det uansett. Ei med same namn som eg kunne idag vise fram tilsending av Devoldprodukt; kloke plagg :) Heia ulla!

Dagens andre stikkord er kø! To timar i kø, med 30 folk foran meg i køen (i den vesle banken på togstasjonen)  gav meg (som forventar effektivitet) frysningar på ryggen. Og for eit byråkratisk system! Eg fekk eit aldri så lite kultursjokk då eg gjekk inn døra, kor tida plutseleg var noko som kjem.

Då køen var redusert til eit minimum og eg fornøgd hadde utført oppdraget i banken, vandra eg opp til komlerommet til MH. Ho serverte komle for namnesystre og andre systre, og det med godt (=fantastisk) resultat! Kompanisteorien ser ut til å fungere i høgste grad.

“Jeg elsker kompe for magens skyld, der aldri gives et bedre fyll for sultne tarme de kompe varme er en idyll.”

Merkelappar: ,

Legg att eit svar