Feeds:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for november, 2007

kvede kved kvad kvede

Denne mannen kved på sitt vis.
Er det noko eg likar å fylle tida mi med, er det synge. Må seie at kvaliteten på kvardagen vert redusert nokre hakk utan. Eg har forresten nett byrja folkesongtrening etter Monika Kolskårtradisjonen! For folkesongen kan nok ikkje lærast gjennom ei pensumbok. Eg må høyre på Kolskår når ho syng, og [...]

Read Full Post »

kom og kjøp!

Dette er fredagskost for elevane i 1.klasse. Me leikar butikk, med kasseapparat, knappepengar og to konkurrerande butikkar med godt utval i varer. Og treng du pose til varene dine kan du få det også; spørsmålet om pose er ikkje langt unna her heller…

Read Full Post »

knask til bursdagen

Når ein har bursdag er det jo vanleg å knaske i seg diverse godsaker av ymse slag. Eg kunne til dømes tenkje meg litt sjokoladekake. Dette året vert det annleis. Eg knaskar pencilin, etter å ha fått sinusitt (eg likar framandord). Sånn uflaks å vere den eine av dei to hundre:
“Kun 1 av 200 personer [...]

Read Full Post »

kulde, kø og komle

  
Om eg skal oppsummere dagen i dag, må det vere med desse tre orda. Eg skreiv forrige dagen at eg lengta etter sola. Eg har sett ho nokre gonger sidan det; og med seg tok ho minusgrader og rim i bakken. Slikt krev stillongs for folk med låg kuldeterskel, men kjekkare enn regn er det [...]

Read Full Post »

kvar har sola tatt vegen?

Eg er ikkje versjuk som ein viss programleiar i NRK Hordaland, altså, men eg må seie eg saknar sola. Sola var visst framme på sundag, og det var veldig bra. Det vart kaffi på benken på Skansen = livsnyting.
Sola som skein gjekk ned ein kveld på Mørekysten i sommar var noko ein ikkje gløymer så [...]

Read Full Post »