2007 er året for å minnast at ein viktig komponist døydde for 300 år sidan, og her er ei interessant samanlikning:
Dietrich Buxtehude var si samtid si desidert mest populære komponist og improvisasjonsmusikar. Det seier sitt når J.S. Bach gjekk 30 mil for å høyre ein av Buxtehude sine konsertar, og audmjukt spørje om å få gå i lære hjå den store meisteren i 1705.
Det er inga tvil om at Bach henta inspirasjon frå Buxtehude. Barokkmusikk er uvurderleg vakkert, full av kjensler og harmoniar som grip til hjarta.
Onsdag 24.oktober kl. 1930 er det konsert i Bergen Domkirke. Dei to, både Buxtehude og Bach vil vere representerte. Det er Bergen Domkantori som fremfører ein kantate frå kvar av dei. Kom!
aiai…der skulle eg så gjerne ha vore. Du må forresten skaffe deg skype lilla flicka.