Ein del av dei som kjenner meg, veit at eg har ein eller annan slags ting for kyr (og sau, skal ikkje seie meir om det no, kanskje ein annan gong). Ein lærer stadig nye ting; i dag har eg fått vite noko nytt innan denne kutematikken. Arild opplyste meg i dag om at om ein er redd for kyr, er ein taurofobisk.
Vidare har eg lurt litt på dette med magene til kua. Eg må innrømme at eg nok ikkje har vore heilt med i o-fagtimane (det var vel heimstadlære det heitte?) når kua var tema. Eit søk på verdsveven lærte meg dette:
Når kua et, tek ho tak i graset med den lange tunga si. Kua har ikkje tenner i oppe! Ho nappar til seg graset og tygg det ikkje, men svelgjer det omtrent med ein gong. Graset går ned til vomma og der vert det bløyta opp før det går inn i nettmagen.Ein del gonger har dukanskje sett kyr som går ute på jordet og beiter? Dei legg seg gjerne ned, og det kan sjå ut som om dei ligg og tygg på noko. Det er små ballar av gras som kua gulpar opp frå vomma. Me kan seie at kua jortar eller tygg drøv. Graset vert så blanda med spytt og finknust mellom dei breie kinntennene.Når kua svelgjer, er det nesten berre saft . Safta renn ikkje ned i vomma, men inn i bladmagen og løypen og så vidare ut i tarmen. Når kua drikk vatn, renn dette forbi opninga til vomma og rett inn i bladmagen. Så no veit du at kua – og alle andre drøvtyggjarar – har ein stor mage som igjen er delt i fire mager.
Issa, ditta byfølkje altso… sku’kje trudd dei ha sett tenne’ i et stykkje kjøt nøken ti’. Men de e no sjarmerande mæ, då. De e so røytegale før ei åttafære…