Det byrjar bli tid for ein del innekos, etter kvart som haustmørket fell og blad og buskar vert skilde frå kvarandre. Graset i hagen er dekka av gulbrune lauv. Kjenner eg er glad at eg kanskje slepp å klippe graset før til våren. (Det siste var ein digresjon i høve til overskrifta.) Det eg eigentleg tenkte, var å gje vidare oppskrift på ein fantastisk kakao. Kva som gjer smaken unik er lett å svare på. Kokos! Du må smake!
- 1/2 plate mørk kokesjokolade (70% kakao, den er best)
- 1/2 plate kvit kokesjokolade
- 5 dl h-mjølk
- 4 dl (dvs. 1 boks) kokosmjølk
- 1 vaniljestang
- 1 ts stjerneanis
- 1 ts kanel
- 1/2 ts chili – om ein tør
- Krem på toppen
- Teppe
- Ullraggar på beina
- Arvo Pärt: Alina på surround
God haust!
Merkelappar: inne
