Eg har tenkt ein del på eit ord i det siste. Kompis. Kor i all verda kjem det ordet frå? Om ein slår opp i ordboka, finn ein ut at ordet kjem av kompanjong som er synonymt med kamerat. Ein vis mann kunne fortelje at ordet kjem frå det latinske kompanis. Kompanis er i latinsk bruk nytta i tydinga av “dei som deler det same brødet”. Å ete i lag med andre menneske, gjer noko med ein. Eit måltid skapar relasjonar mellom menneske. Det er fint å tenke på!
Verdas vakraste by viser seg i desse dagar frå sine beste sider. Difor kan middag på mobilt kjøkken vere like aktuelt – og gjerne betre enn middag på ein fancy restaurant, å ja!


Å, det var ein herleg ettermiddag! Eg er klar igjen når som helst:)
Hei,toof med blogg..kult med kompis o kammerat ikke sant!her det e varm og sol.heille tide.. begg. aa bli vant men vanskellig:)snakkas
Middag, haust, sol, fjell, stormkjøkken, kaffe, sjokolade…….. mmmmmm
Ja, dette er livsnyting på høgt plan. Mat og kompisar. Fantastisk. Takk for turen, Maria, Maria, Cecilie og Kristine!
Mine vakre jenter! Kaffi på kjele skulle jeg gjerne tenkt meg å dele med dere.
[...] til MH. Ho serverte komle for namnesystre og andre systre, og det med godt (=fantastisk) resultat! Kompanisteorien ser ut til å fungere i høgste grad. [...]