Engel er ein fin hund. Me har hengt ein del i lag i det siste, for matmor har vore i Tibet. Det har vore riktig så kjekt, og det inspirerer mellom anna til å stille opp for sjølvutløysaren. Ikkje det beste hundar veit, kanskje, men det gjekk etter litt prøving og feiling.
Arkiv for oktober, 2007
kjekk hund
Posted in kompisar on oktober 28, 2007 | Legg att ein kommentar »
konsert
Posted in kultur, merka ute on oktober 15, 2007 | 1 kommentar »
2007 er året for å minnast at ein viktig komponist døydde for 300 år sidan, og her er ei interessant samanlikning:
Dietrich Buxtehude var si samtid si desidert mest populære komponist og improvisasjonsmusikar. Det seier sitt når J.S. Bach gjekk 30 mil for å høyre ein av Buxtehude sine konsertar, og audmjukt spørje om å få [...]
kuologi?
Posted in kvardagslukke on oktober 11, 2007 | 1 kommentar »
Ein del av dei som kjenner meg, veit at eg har ein eller annan slags ting for kyr (og sau, skal ikkje seie meir om det no, kanskje ein annan gong). Ein lærer stadig nye ting; i dag har eg fått vite noko nytt innan denne kutematikken. Arild opplyste meg i dag om at om ein [...]
kakao
Posted in kulinarisk, merka inne on oktober 7, 2007 | 2 kommentarar »
Foto: Ida
Det byrjar bli tid for ein del innekos, etter kvart som haustmørket fell og blad og buskar vert skilde frå kvarandre. Graset i hagen er dekka av gulbrune lauv. Kjenner eg er glad at eg kanskje slepp å klippe graset før til våren. (Det siste var ein digresjon i høve til overskrifta.) Det eg [...]
kompanis
Posted in kompisar, kulinarisk, merka ute on oktober 2, 2007 | 6 kommentarar »
Eg har tenkt ein del på eit ord i det siste. Kompis. Kor i all verda kjem det ordet frå? Om ein slår opp i ordboka, finn ein ut at ordet kjem av kompanjong som er synonymt med kamerat. Ein vis mann kunne fortelje at ordet kjem frå det latinske kompanis. Kompanis er i latinsk [...]
kjukke blingsar
Posted in Ikkje kategorisert, merka ute on oktober 1, 2007 | 2 kommentarar »
Ja, her har ein blingsa…