Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Ein kveld i september fekk eg ein hyggeleg telefon frå min tvillingbror, med spørsmål om eg hadde lyst til å bli med til New York i desember. Og slik vart det! Ein super tur på alle måtar, og veldig kjekt å reise med dei to brørne mine :) :

Reiseklare som berre det! Like før avgong mot Reykjavik med Icelandair.

Skøyteis utanfor Rockefeller center, som nokon og ein kvar kan kjenne at frå diverse filmar.

På veg inn i NBC-studios kor me fekk omvisning av to flinke omvisarar. Me fekk streng beskjed om å leggje frå oss handgranatar, pistolar og andre våpen…før me fekk sjå diverse studio som dei brukar i tv-show og andre sendingar.

På toppen av Rockefeller center. Fantastisk utsikt i endå betre ver :) !

H. testar sovepose, med hjelp frå Matt. “Do you really need this?” “Yes.”

Eit lite knippe av utsikta. Herleg stor by!

I Battery park traff me Snipp og Snapp. Det var berre Snapp som lot seg avbilde.

Frihetsgudinna på Staten Island. Ei flott dame som me beskua berre på avstand.

Etter lengre ventetid kom me oss til Ellis Island, kor immigrantane kom iland i åra 1892-1954. Biletet er frå hallen der alle måtte registrere seg.

Her har O. funne bestefar sine slektningar som kom til Ellis Island. Spesielt å sjå namna deira på tavla!

Ground Zero med dei nye tårna, som totalt vert 7. To store og fem “små” tårn er reist der Twintowers stod. NYPD vakta området strengt.

Utanfor St.Patricks cathedral. Majestetisk byggverk!

Som ei dame sa på gata: I say nada to Prada! Men det var spennande å kikke likevel.

Kaffi frå Starbucks :)

Takk for turen, kjære brør!

godtfolk på besøk

Så var halvåret på Møkster over, og eg hoppar vidare til neste øy. Mange av helgene i haust har eg vore rundt forbi, men då det var julemesse- og bursdagshelg i november, fekk eg besøk av godtfolk. Ikkje kven som helst, men eit trekløver og eit tokløver som eg set stor pris på :) . På julemessa solgte eg mine første plagg, berre tre i denne omgong, men det er ein fin start!

Til våren vert det rorbu og ny skule på meg, noko eg ser fram til. Og sidan ho held seg i same kommune, er eg framleis ikkje på fastlandet. Takk Gud for brukonstruksjonar! :)

denne dama er frå fana

Fana er best! (Og BT-magasinet!) Og ja, I. har kledd seg opp i cardiganen min. Ho insisterte altså!

Uansett korleis ein snur og vender seg: Ein må vaske. Eg likar ikkje vaske. Eg er ikkje meint for å gjere det. Men eg må. For å avhjelpe denne avmakta mot vasking: Kva kan eg gjere for at det vert kjekkare å vaske? Ja, eg høyrer på musikk for at takta skal vere i orden. Men er det nok? Ikkje for meg. Eg treng litt fargerike klutar. Det hender eg kjøper meg slike, men det er jo gøy å lage dei sjølv også!

Eg har testa to ulike garntypar her. Dei rosa er laga i Mandarin Petit (Sandnes garn), dei blå og grøne i Lerke (Dale garn). Å strikke klutar med sistnemnde garn var ein generaltabbe sidan eg gløymde å sjekke vaskeanvisninga. Mandaringarnet kan vaskast på 60 grader, og Lerke på 30 grader, sidan blandinga har 52% merinoull i seg. Eg har ikkje vaska nokon av klutane enno sidan dei ikkje er teke i bruk, men ein kan jo lett tenke seg konsekvensen av for høg temp. på ulla ;(.  For dei som er interesserte i å vite det, la eg opp 44 maskar, 2 rette 2 vrange, i så kalla ribbestrikk. Ein bør i alle fall ikkje ha klutane mindre enn dette.

På tampen eit glimt av sitjeunderlaget som eg har laga mange av som “Julegåva 20o9 frå meg” men som eg no på enkelt vis har forsøkt å utvikle. Eg vart inspirert av frk. Grandes turkompis her i vår, og gjekk hen og kjøpte fine treknappar i einer. I kombinasjon med svart buksestrikk kan ein leggje det tova sitjeunderlaget saman og putte det rett i sekken. Sitjeunderlaget er laga i garn frå Spar Kjøp, Cortina Soft som er ideelt til toving. Her har eg brukt pinnestørrelse 12mm, rundpinne og aukar ei maske på kvar side. Strikk med dobbelt garn, ein treng til saman 4 nøster. Underlaget vert då ca 40cmX40cm stort. Om ein ynskjer det større, kan ein bruke 6 nøster ;) .

Ull kan ein aldri ha for lite av.Bilsetet vil ikkje forakte det, og heller ikkje tursekken. Eg burde hatt eit til sykkelsetet. Hmm..;)

Ja, eg tok vel aldri heilt sommarferie frå strikkinga heller, men no som stillongssesongen har starta, er det heilt naturleg å intensivere strikkeprosjekta. Eg har no også testa nettbutikken til Sandnesgarn, noko eg kjem til å gjere tradisjon av, som øybuar eg er. Posten kjem fortare fram enn eg kjem meg til byen i opningstida.

Eg kunne jo ikkje bla forbi min kjære Marius då eg fann oppskrift på vognteppe i Mariusmønster. Heftet heiter “Babytepper og hentesett” som er temahefte 24 til Sandnesgarn. Babygarnet til Sandnes heiter Lanett og er ganske godt å strikke med. Eg må som vanleg gå ned ein pinnestørrelse enn det som står anbefalt sidan eg strikkar litt laust, men så lenge ein veit om dette, er ikkje dette noko problem. Min variant har sjølvsagt blitt litt alternativ, og er meir eit dynetrekk som eg skal sy til ei babydyne til. Stoffet har eg kjøpt på Åhlens. Eg var litt raus med stoffet, derav dynevarianten framfor teppevarianten. Kven som skal varmast av dyna er førebels uvisst, men det sprett ut ungar både her og der for tida, så det vert ikkje vanskeleg å finne ein eigar:

Noko småplukk vart det også då eg skulle teste ei oppskrift på Selbuvottar til ungar. Det vart ikkje heilt som bestilt (for lange og trange..), så prøvevotten kan nok ikkje tene til anna enn å vere vott for mobilen. Mønsteret er henta frå eit av julehefta til Sandnesgarn, og garnet har eg henta frå Dale. Ikkje ofte eg brukar anna enn Sandnesgarn, men greit nok! Eg nytta garnet Falk:

Det neste er kjøkkenklutar, strikka i Mandarin Petit. Det kjem bilete snart :) !

kvar går vegen?

Om ikkje gatene på Møkster har vegnamn, er det heller ikkje nødvendig. Det er lett å finne fram, men for dei som er her på besøk er skilta nyttige. Og turløypene her ute er betre merka enn dei er på Hardangervidda! Det hjelper godt med gode stiar også -  dei er så mykje i bruk av både sauer og folk. Førre helg hadde eg besøk av I-J og B. som lot seg sjarmere av øya, og sjølv om me ikkje slapp unna regnet fekk me ein fin tur heilt ytterst mot vest:

Det er forresten veldig kjekt å få besøk :) !

For dei som ikkje er informerte, bur eg i huset til Åse:

Og her er downtown Møkster. I praksis er det butikken på kaia:

Om ikkje mange dagane kjem det besøk frå København. Eg gler meg stort!

Denne middagen er dedikert til fru Ingvaldsen, fiskelærar nr 1!

I morgon har eg budd på Møkster i to veker, og det har vore innhaldsrike, gode dagar. Eg har allereie erfart kvifor ein må passe rutetidene for hurtigbåten, kanskje særleg når det er siste båten for dagen, og ein rett og slett ikkje kjem seg heim. Så ja, eg har lært å berekne ferje i god tid. Les meir »

I kveld har eg blitt kjent med ein større del av faunaen på øya, noko S. har mykje av æra for. Det skal seiast at eg har eit utviklingspotensiale mht. å fiska frå land, men eg satse på at læringskurva vert bratt. Eg skal få (=kjøpe) meg ei god stang snarast, og bruke dei høva som er til å fange meg middag :) . Eg trur eg skal kjøpe eit relativt stort lager av slukar, for eg kan jo risikere å miste slukar.. :)

Dei tre offera. 2 av dei var del av ein større stim som S. gjorde ein solid innsats for å få på land. Eg tok ein lyr, som vart steikt; nydeleg til kvelds. :)

livet på øya del 1

Eg skal snart kaste meg ut i noko ukjent men spanande. Ny jobb, nytt hus, nye folk,  ny måte å leve på. Eg skal flytte frå byen til landsbygda, ja, ikkje berre landsbygda, men ei øy som berre kan nåast med båt. Gjennom ei nettside vart eg heilt fengsla av denne vesle øya ute i havgapet, og ei veke etterpå hadde eg jobb som eg lenge har vore på leit etter…! No går rykta om ein potensiell frøken-hønsegard. Skulle likt å vite om eg kunne adoptere nokre av sauene og?

Frøkna vil oppdatere sivilisasjonen etter kvart.

kyrkja mi

I desse dagar avsluttar eg arbeidet mitt ved skulen som har vore min arbeidsplass i seks år – for denne gong. Det vert rart når eg om litt over ei vekes tid går ut døra og har levert frå meg nøklar og ikkje minst elevar som eg har vorte glad i gjennom mange år. Tida får vise kva som ventar. Eg veit ikkje enno kva det er, men vonar det opnar seg ei dør snart.

I førre veke fekk eg vere med på kunstutstilling kor elevane mine har laga eit av bidraga til. Eg synast at “Kyrkja mi”- tittelen på prosjektet gav meining i høve til kva elevane klarte å produsere i samarbeid. Kreativt nok har orgelet blitt flytta utandørs; kanskje lika greitt når det vart for stort til at det passa inni kyrkja. ;)

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.